Caverion avd. Sogndal i Sogn og Fjordane Service

Folka våre i Sogndal jobbar med elektro, røyr og ventilasjon i stavkyrkjer, industri, sjukehus og andre næringsbygg. Frå serviceoppdrag til tekniske totalentreprisar (TTE-prosjekter) sørger dei for smarte og berekraftige løysingar for produktivitet og trivsel for kundar og lokalsamfunnet.

Baser og montørar involverast i tilbodsfasen på førespurnader frå kundar

Når avdelinga mottar førespurnad på mindre oppdrag og prosjekter, involverer de montørar og baser som kjenner kundens bygg best, eller som har best fagkunnskap om jobben, med på kalkuleringa av tilbodet. Slik sikrar dei at val av tekniske løysingar blir best for kundens behov og at timane for jobben reknast så riktig som mogleg.

-Vi har mange gode og flinke folk, og vi er også gode på forskjellige områder. Får vi førespurnad frå ein rammeavtale-kunde er det naturlig å involvere montørane som jobbar mest på det bygget, for dei har kunnskapen som trengst for å gje beste moglege løysing og estimere tida dei treng for å gjere ein god jobb, seier avdelingsleiar Helge Bakkane.

I tillegg til eit riktig og godt tilbod for kunden, gjer det også noko med motivasjonen for dei som skal utføre jobben.

-Med tida frå då eg sjølv var montør fersk i minne, så ga ein litt ekstra innsats i leveransen på jobbane som ein sjølv hadde vore med på å kalkulere og meine noko om, og det merker kundane våre også. Dei får det som dei har blitt lova, og litt til, seier Helge, som var elektrolærling i 2005, installatør i 2014 og leder for avdelinga frå 2017.

Ein god tone på arbeidsplassen som gjer det enkelt å be om hjelp

-Frå eg starta i Caverion har det alltid vore ein lav terskel for å spørje kvarandre om hjelp, som lærling kunne montøren spørje meg om kva eg ville gjort. Og det gjer noko med ein at erfarne fagfolk spør deg som ung og uerfaren, for då må du tenke sjølv. Kulturen for at det å be om hjelp går begge veger gjer at me vil tenke nytt og lære av kvarandre, seier Helge.

Dei er flinke til å samarbeide mellom fag, og fordi dei ikkje er så mange møtast dei ofte. Kvar veke samlast dei til fotballtrening, og på fredagar er det felles lunsj. I løpet av året arrangerer dei ein skidag, sommarfest, julebord og tur. Men det siste året har pandemien satt en brems på det sosiale.

-Eg gleda meg veldig til eg kan være meir nær folka i avdelinga, for no har eg teams-møter høgt i halsen, så nær men likevel så fjern, seier Helge. Døra til kontoret er alltid open for at folk kan stikke innom for å slå av ein prat, og det er ikkje det same å sjå andre i øya gjennom ein skjerm som i verkelegheita.

Føretrekken leverandør på fleirfaglege prosjekter

Dei siste to åra ser dei ei trend i at fornøgde kundar kjem tilbake kvar gong det er nye prosjekt. Det er fordi dei har levert gode prosjekter og arbeid for dessa kundane tidlegare, samt at dei kan levere alle tekniske faga som gjer dei til ein foretrekken leverandør.

-Prosjekt SVGS/ViteMeir er det største TTE-prosjektet me har hatt og er eit prosjekt me synes er veldig spennande å få vere med på. Her har me mellom anna montert solcelleanlegg som skal levere 50 000 kWh/år, varmepumpe med borehol og mange spesialtilpassa løysingar, seier en stolt Helge. Vitensenteret ViteMeir er eitt nytt bygg som opnar dørene for publikum 11. november i 2021, kor barn og vaksne skal bli inspirert til å utforske og søke ny kunnskap om mellom anna berekraft, energi, klima, teknologi og naturvitskap.

Spesialistar på installasjon av sprinklaranlegg i 1000 år gamle stavkyrkjer

-Vi har mange dyktige og flinke folk, som møter opp til avtalt tid, dei legger stoltheit i jobben dei utfører, og vil at kunden skal lykkes. Så har vi nokre kundar som krevjar at vi gjer ein ekstra pen og riktig jobb, som til eksempel stavkyrkjer, kor ein må ha ein tett dialog med riksantikvaren for å sikre at installasjonen blir best mogleg, fortel Helge.

Saman med vikingskipene er stavkyrkjene Noregs viktigaste bidrag til verdas kulturarv. Når 1000 år gamle verna stavkyrkjer skal sikrast som best mogleg mot brann, installerast sprinklaranlegg for å starte brannsløkking så tidleg som mogleg. Men sprinklaranlegget skal ikkje synast så det krevje at montøren har forståing og evne til å gjere ein ekstra fin handverksarbeid. Samt å samarbeide med riksantikvar og andre handverkarar for å kunne levere oppdraget utan å øydeleggje kulturarv.

Viss Helge skulle overtyde nokon til å søke jobb hjå sin avdeling, seie han følgjande:

-I Caverion har me spennande oppdrag, mykje teknisk kompetanse og ryddige tilsetjingsforhold. I Sogn er me ein fin gjeng som løyser store og små oppdrag med godt samarbeid og humør.

Kjappe fakta:

  • 3 ord som beskriver avdelinga:
    Fagleg sterk, samarbeidsvilje, humor
  • Tal medarbeidarar:
    25 medarbeidarar, av desse er 2 kvinner, 5 lærlingar
  • Faga dei leverer:
    Røyr, elektro og ventilasjon
  • Tal servicebilar:
    15
  • Eksistert i lokalmiljøet:
    1990-talet...